Opplading til Fagkritisk dag del 1: Det tilsidesette irriterande | Hanna Hårsaker Nakken

 

Eg har gjort eit skifte – eg omfamnar deg, nynorsk. Eg skriv min fyrste akademiske oppgåve på dette ny-erverva målet.

Eg tenkjer, karakteren eg no har fått er eit direkte resultat av ein sensor som elskar nynorsk. Eg elskar alle klammeformane, lik berre ein med eit konservativt språksyn kan; og eg gjer så mykje feil, men fornøyeleg er det.

GULTERKULT
Dei kulaste bøkene er gule

Studentar som skriv på dette undertrykte målet rykkar automatisk opp ein karakter. Ein urban myte er det, berre tull eigentleg, men eg prøvar ut alle hol i karakteren, alle hola sett i samanheng med denne teksten eg no har skrive. Forundringa kjem frå ein som forlot vidaregåande skulelei, ein som fikk norsklæraren sin til å grine når det endeleg blei til den eine seksaren i norsk det semesteret, etter å ha klart å følga skjema: Om ho berre kunne ha gjort det same til eksamen! Men den gong ei; norsklæraren sine forhåpingar må viast til skuffelsen.  

Etter vidaregåande nytta eg tida til å skriva så fritt som overhode mogleg. Likeleies, etter to år var det på tide å venda nesa si mot standardisert akademia. Eg hadde endeleg teke ei avgjerd i eit mylder av valmoglegheitar. Kva eg tykte å vere mest interessant gjekk framfor ei enkel jobbframferd. Dèt kan eg seie kjekt for ei tid, heilt til eg grin mine modige tårar, men, det blir til sidan; det tek eg då. Eg skulle jo alltid bli forfattar, slik kontaktlæraren frå barneskulen så profetisk hadde spådd. Lik det var ei storstilt framtid for ho som tykte bøker var betre enn medelevane (noko trøyst må jo finnast for dei håplause tilfella).

 

Så var det denne myta då, myta om nynorskbrukaren som får betre karakter. Nynorskmennesket er over middels interessert i språket, den så smått irriterande som må svarast på målet sitt av alle offentlege tilsette.

Dei som når naudsynt må blese støvet av Nynorsk ordliste (spynorsk ordliste, si, er det no eigentleg ein utdatert spøk?).  Likeleies, det er denne spøken noko lid under no i dag. Unge brenn for norskfaget, og så var det denne nynorsken, eit lite helvette frå ungdomsskulen og vidaregåande. Den lille jævelen som trakk ned heile snittet, eller fikk ein til å måtte nytta uforhaldsmessig lang tid på eit fag ein ikkje såg noko som helst poeng i – Etter videregående er vi ferdige!

Hald an, du seier du vil bli norsklærer? Då har vi eit fifty/fifty krav til deg, du må ikkje berre bestå èit kurs. Ikke? Javel da, det får da gå, men jeg skjønner ikke hvorfor, hvorfor skal det bare være vår oppgave å oppdra ungdommen? Kvifor skal ikkje unge lære to av sine språk frå starten av? Hvorfor skal det i det hele tatt være karakter i et språk ingen utenfor Norges landegrenser skriver? Vi er dritlei spørsmåla, det skjer jo ingenting! Kvifor nytta tid på noko sånt i det heile? Det er jo ingen her ute med noko særleg godt svar. Likeleies, Nordisk og Språkvitskap sine fagutval har samla nokon: Noregs Mållags Ingar Arnøy, Riksmålsforbundets Ole Raade, Utdanningsforbunets Roar Ulvestad, Ann-Kristin Gujord som talar om barn og ungdom sine kognitive evner til å lære språk og Torodd Kinn som vil snakka om kva for utfordringar som møter studentar med nynorsk som sidemål i utdanningar med krav om gode nynorskkunnskaper. Saman vil dei tala om det sidesatte sidemålet i ulike undervisingssamanhenger – eller om du vil: Det tilsidesette irriterande vi er plent nøydd å måtte hanskast med. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s