Opplading til Fagkritisk dag, del 2: Presentasjon av innleiarane | Hanna Hårsaker Nakken

Kva les du på?

Det følgjer med ei klam kjensle fyrste gongen ein møter likesinnande med dette spørsmålet. Sant, det er ei glede utan like å treffa på nokon som likar det same; liker du å lese, liker du bøker? Jøsses. Forundringa er til stade, og det ei god stund, men like sikkert vil kaldsvetta byrja å melda seg, og det demrar for meg at det eg har lese, det er ikkje er tilstrekkelig.

crime_and_punishment_150_years_after_1969-1353980-1-1024x768_b
Georgy Taratorkin i Lev Kulidzhanovs film «Prestuplenie i nakazanie» (1970) (Forbryting og straff) basert på boka med same navn av Fyodor Dostoevsky


Eg leste eit kapittel av Slottet ein gong, er lik: Eg har lese Kafka i ein alder av sytten. Det fell fort igjennom no i dag, men var greit nok då. På nattbordet ligg Murakami godt plassert, det kan vi diskutera i godt monn; men ikkje no lenger, kva i all verda hende? Var det berre eg som vokste opp? Nei han var jo bejubla ein gong, av alle kritikarar. Under puta mi ligg ei bok kalla Min kusine Rachel og ter seg som ein kioskroman i utsjånad, og innimellom les eg framleis nyleg avdøyde Ursula K. LeGuins fantastiske Jordsjø-krønike. Ein forfattar i ein utskjeld sjanger, men kor verka hennar tidvis blir teke fram i grundige litteratur-debattar.

For ei lang tid no har det ikkje vore noko problem dette, alle dei ufullførte klassikarene som eigentleg ikkje interesserte meg nokre år tilbake. På eit tidspunkt ga eg dei ein sjanse att, eg pløyde gjennom ein uleseleg utgåve av Forbryting og Straff, hata Strindbergs hovudperson i Inferno, og hadde ein forrykande tilskoderplass til Catherine og Heathcliffes usunne kjærleiksforhald. Det var ei tilvenningssak, men ho måtte til, tida – før litteratur frå hundre år tilbake i tid kunne bli ein kjend sak. For det er dette, å hoppa mellom århundrar med tekst frå den vestlege tradisjon, som er noko som er verdt å nytta god tid på. Det er ei framifrå tidtrøyte; ei tidtrøyte for spesielt interesserte, eg vil ikkje seie at eg lærte denne basisen frå skulens læreplanmål.

«Om smak og behag kan ein ikkje diskutera»  

Eller?

Å diskutera kva som er godt og dårleg er eit forhald innanfor eit kvart emne kor prestasjonen står i høgsetet. For å bedømma dette finst det utallige mål og paradigmer.  I idrett kan ein tala om tall og bedømming innanfor eit gitt system der og då; innanfor dei ulike kunstartane er det verre. Det er vanskeleg å skulle ha ei formeining om kva som gjer eit verk godt eller dårleg, kva for kriteriar ligg til grunn? Kan du seie at ein film venen din tykkjer godt om er dårleg reint filmatisk, men noko du kan like likeleies, utan å støyta vedkommande? At eg er ein langt dårlegare fotballspelar enn Ada Hegerberg kan venen min fortelja meg utan forkleining.

På Humanistisk Fakultet blir vi opplert i å ha ei sterkare kjensle for det gode verket; men kva er det som legg føringar for dette? Lista er lang over syndens bøker på HF; kva er det som  gjer at vi vegrar oss for å lesa disse titlane? Og i motsett tilfelle: Kva er det med den akademiske litteraturen som verkar så elitistisk og lite tilgjengeleg for allmennheita? Finst det mellomsjikt, og kva består så dei av? Kvifor reknast ikkje Knausgård som populærlitteratur? Medan Murakami i det siste har glidd over i denne kategorien, dèt er eit forfattarskap sett i eit nytt perspektiv.

Til å diskutera dette og meir har vi stabla saman eit panel med gode fagfolk frå UiB sin krets; og til å leia diskusjonen har vi fått Oda Slotnes til å stilla som ordstyrar. Vi gler oss!

Innleiare til Litteraturens Underdogs

Stad: Sydneshaugen skule, auditorium D

Tid: 8. mars, klokka 13.00 – 14.45

christine_hamm20x5b10x5d_0

 

 

 

Christine Hamm: Professor i nordisk litteratur

 

 

Mathisen

 

 

 

Ingrid Nestås Mathisen: Stipendiat i nordisk litteratur

 

 

frode_helmich_pedersen

 

 

 

Frode Helmich Pedersen: Forsker i Allmenn litteraturvitskap

 

 

Vassenden

 

 

 

Eirik Vassenden: Professor i nordisk litteratur

 

 

ODA J

 

 

Oda Slotnes: Masterstudent i nordisk litteratur, og ordstyrar for denne samtalen

 

Innleiare til Den litterære kanon og litteraturens samfunnsrelevans

Stad: Sydneshaugen skule Auditorium D

Tid: 8. mars, klokka 15.00 – 16.30

 

I dette møtet mellom to av professorane på Allmenn litteraturvitskap vil dei gjennom korte punktinnlegg og påfølgjande diskusjon legga fram og debattere ulike synspunkt p åden litterære kanons og litteraturens samfunnsrelevans. Kva for kriteriar anvendast i faget litteraturvitskap når litterære tekstar blir valt som pensum? Bør det stillast krav om samfunnsrelevans når litterære tekstar blir obligatorisk pensum? Gjeld dei same krava i forskinga? Kven avgjer? Kor og korleis foregår meiningsbytingane i faget?

Til å diskutera dette har vi vore så heldige og fått Erik Bjerck Hagen og Ellen Mortensen i samtale.

 

 

Vi sjåast i morgon til påfyll av fag og pizza!

 

Bileta er henta frå UiB sine eige heimesider

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s